You need to be logged in to mark episodes as watched. Log in or sign up.
Season 4
Hus med symjebasseng i hagen står på menyen når programleiar Frode Søreide inviterer til ein ny sesong med Solgt. Meklarar frå Romerike og Moss blir tatt med til Haugesund, der dei skal
.. show full overview
Hus med symjebasseng i hagen står på menyen når programleiar Frode Søreide inviterer til ein ny sesong med Solgt. Meklarar frå Romerike og Moss blir tatt med til Haugesund, der dei skal tippe salsprisen på tre ulike hus, mellom dei ein ærverdig villa i eit av dei finaste stroka i Haugesund.
Drøymer du om å kjøpe din eigen herregard? Programleiar Frode Søreide reiser til Säffle i Sverige. To lag med meklarer frå Ålesund og Asker skal forsøke å tippe salspris på tre ulike
.. show full overview
Drøymer du om å kjøpe din eigen herregard? Programleiar Frode Søreide reiser til Säffle i Sverige. To lag med meklarer frå Ålesund og Asker skal forsøke å tippe salspris på tre ulike fritidshus i vårt naboland. Her blir det klassiske raude "stugor" - og kva koster ein herregard frå 1700-talet på 2000 kvadratmeter?
Hus ved sjøen er attraktivt og dyrt. Solgt skal tippe prisar i og rundt Oslofjorden - ein av dei dyraste fjordane i Norge, og det er meklarar frå Alta og Kristiansand som skal tippe pris
.. show full overview
Hus ved sjøen er attraktivt og dyrt. Solgt skal tippe prisar i og rundt Oslofjorden - ein av dei dyraste fjordane i Norge, og det er meklarar frå Alta og Kristiansand som skal tippe pris på eigedommane. Funkishus på Nesøya og eigedom med 40 meter strandline på Nesoddtangen er blant utfordringane meklarane skal prøve seg på.
Hus på sju plan i eksklusivt villastrok er ei av utfordringane når programleiar Frode Søreide drar til Larvik, saman med meklarar frå Stavanger og Valdres. Dei skal konkurrere om å tippe
.. show full overview
Hus på sju plan i eksklusivt villastrok er ei av utfordringane når programleiar Frode Søreide drar til Larvik, saman med meklarar frå Stavanger og Valdres. Dei skal konkurrere om å tippe rette bustadprisar i vestfoldbyen. Larvik har dei siste åra opplevd stor vekst og byr på mange spanande eigedommar.
Storbyleilegheit til under ein million? Medan bustadprisane i Norge har skutt i været, har dei nesten stått stille i Berlin, etter at muren fall. Stadig fleire nordmenn kjøper seg difor
.. show full overview
Storbyleilegheit til under ein million? Medan bustadprisane i Norge har skutt i været, har dei nesten stått stille i Berlin, etter at muren fall. Stadig fleire nordmenn kjøper seg difor ferieleilegheit i den tyske hovudstaden. Programleiar Frode Søreide har utfordra fire norske meklarar til å tippe salsprisen på tre leilegheiter i den tyske storbyen.
Kva kostar eigen strandline, båtbrygge og stor tomt i den sørlandske skjergarden? Det er berre å drøyme seg tilbake til sol, sommar og Sørlandet med programleiar Frode Søreide.
.. show full overview
Kva kostar eigen strandline, båtbrygge og stor tomt i den sørlandske skjergarden? Det er berre å drøyme seg tilbake til sol, sommar og Sørlandet med programleiar Frode Søreide. Fritidshus i Norge sin vakraste skjergard står på menyen, og millionane sit laust når meklarar frå Trondheim og Haugesund går i bodkrig på Sørlandet.
ustadprisane har gått rett til vers etter at Norge sin hovudflyplass vart lagt til Garderrmoen. Men kor mykje kostar eit teglsteinspalass på 1000 kvadratmeter rett ved rullebana?
.. show full overview
ustadprisane har gått rett til vers etter at Norge sin hovudflyplass vart lagt til Garderrmoen. Men kor mykje kostar eit teglsteinspalass på 1000 kvadratmeter rett ved rullebana? Programleiar Frode Søreide har tatt med seg to lag med meklarar frå Rogaland og Trondheim til flyplasskommunen Jessheim for å finne svaret.
Drøymer du om eit liv på landet? Mange byfolk er lei av høge bustadprisar og kaos i byen, og småbruk er eitt av dei mest etterspurde salsobjekta på internett. Solgt har plukka ut tre
.. show full overview
Drøymer du om eit liv på landet? Mange byfolk er lei av høge bustadprisar og kaos i byen, og småbruk er eitt av dei mest etterspurde salsobjekta på internett. Solgt har plukka ut tre perler i Vestfold og Telemark - men kva kostar dei? Programleiar Frode Søreide har tatt med seg to lag med bymeklarar, som får i oppgåve å finne salsprisen.
Hyttesalet i fjellet går treigt, og spesielt luksushytter har vore vanskelege å selje. Programleiar Frode Søreide i Solgt har tatt på seg ski for å sjekke temperaturen i fjellparadiset
.. show full overview
Hyttesalet i fjellet går treigt, og spesielt luksushytter har vore vanskelege å selje. Programleiar Frode Søreide i Solgt har tatt på seg ski for å sjekke temperaturen i fjellparadiset Hafjell. På menyen står også eit arkitektteikna hus i Lillehammer og ei toppleilegheit midt i sentrum. Til å tippe pris er det med meklarar frå Trondheim og Fredrikstad.
Du treng ikkje dra langt ut av Oslo før du merkar at bustadprisane går ned. Drabantbyane rundt Oslo oppstod på 50-talet og skulle bøte på den akutte bustadmangelen i hovudstaden.
.. show full overview
Du treng ikkje dra langt ut av Oslo før du merkar at bustadprisane går ned. Drabantbyane rundt Oslo oppstod på 50-talet og skulle bøte på den akutte bustadmangelen i hovudstaden. Programleiar Frode Søreide sjekkar bustadprisane i bydelane utanfor Oslo. Meklarane som er med på å tippe prisar, får erfare at det er store variasjonar.
Å selje eit herskapeleg pensjonat midt i Bodø sentrum er ikkje kvardagskost. Men dette blir ei av utfordringane når programleiar Frode Søreide i Solgt tar med seg to lag eigedomsmeklarer
.. show full overview
Å selje eit herskapeleg pensjonat midt i Bodø sentrum er ikkje kvardagskost. Men dette blir ei av utfordringane når programleiar Frode Søreide i Solgt tar med seg to lag eigedomsmeklarer til Nordland for å tippe bustadprisar. Meklarane frå Oslo og Sandefjord får og i oppgåve å tippe pris på eit nedlagt småbruk med eit typisk nordlandshus frå 1700-talet.
Finanskrise i Europa har fått nordmenn til å valfarte mot Middelhavet for å kjøpe feriehus. Programleiar Frode Søreide er på den franske riviera for å sjekke ut bustadprisane. Her blir
.. show full overview
Finanskrise i Europa har fått nordmenn til å valfarte mot Middelhavet for å kjøpe feriehus. Programleiar Frode Søreide er på den franske riviera for å sjekke ut bustadprisane. Her blir det sol, sommar og luksus. På menyen står alt frå ein luksusbustad med symjebasseng og utsikt til filmbyen Cannes - til herskapsbustad i hjartet av Provence. Til å tippe pris er det med meklarar frå Stavanger og Ålesund.
If there are missing episodes or banners (and they exist on TheTVDB) you can request an automatic full show update:
Request show update
Update requested