Bölümleri izlendi olarak işaretlemek için oturum açman gerekiyor. Giriş yap veya kaydol.
Sezon 8
Yayınlanma tarihi
Eki 03, 2010
I 1990 omkom fem menneske i ei tragisk flyulykke på Værøy i Lofoten. Etter det vart den vérutsette flyplassen stengd. Vel ti år seinare kjøpte Remi Johansen, ein ung mann frå Værøy,
.. show full overview
I 1990 omkom fem menneske i ei tragisk flyulykke på Værøy i Lofoten. Etter det vart den vérutsette flyplassen stengd. Vel ti år seinare kjøpte Remi Johansen, ein ung mann frå Værøy, flyplassen og gjorde han om til heim. Seinare har kjærasten hans også flytta inn, og no bur familien i terminalbygningen, samstundes med at dama driv sjokoladefabrikk i botnen av flytårnet.
Yayınlanma tarihi
Eki 10, 2010
I førti år har ekteparet Margot og Per Bjørvik levd på den veglause garden Aldal i fjella nord for Bolstadøyri i Hordaland. Livsgrunnlaget har vore ein flokk sauer og ein suvenirfabrikk
.. show full overview
I førti år har ekteparet Margot og Per Bjørvik levd på den veglause garden Aldal i fjella nord for Bolstadøyri i Hordaland. Livsgrunnlaget har vore ein flokk sauer og ein suvenirfabrikk som Per har starta. Varene blir frakta med taubane, medan dei sjølve tek seg fram på ein firehjuling etter ein humpete stig. No er Margot pleietrengjande, men Per står på og steller henne, for i Aldal aktar dei å bli.
Yayınlanma tarihi
Eki 17, 2010
Ola Braanaas er rik, men han er ikkje som rikingar flest. Han bur åleine i ei ombygd husmannsstove på ein holme i havet, Svinøyna i Gulen. Han har brukt 35 milllionar kroner på å berge
.. show full overview
Ola Braanaas er rik, men han er ikkje som rikingar flest. Han bur åleine i ei ombygd husmannsstove på ein holme i havet, Svinøyna i Gulen. Han har brukt 35 milllionar kroner på å berge ein gammal handelsstad frå forfall, og han reknar ikkje med å få dei tilbake. Det er betre å bruke pengane på kultur, på noko som varer, enn å rote dei vekk på børsen, seier Braanaas.
Yayınlanma tarihi
Eki 31, 2010
Else Juliussen frå den mest folketomme havgrenda Hasfjord i Finnmark er ei fargesprakande kvinne og ein miskunn samaritan. Ho har opna dørene sine for fyllikar og fattigfolk, og med sine
.. show full overview
Else Juliussen frå den mest folketomme havgrenda Hasfjord i Finnmark er ei fargesprakande kvinne og ein miskunn samaritan. Ho har opna dørene sine for fyllikar og fattigfolk, og med sine varme hender har ho hjelpt både toføtte og firføtte som slit med plager. Om sommaren tek ho alle dyra sine med seg på setra i Meltefjorden, der ho sjølv voks opp under dramatiske omstende. Der lærte ho også å lese. I mangel på skulegang skjedde det i ein alder av 15.
Yayınlanma tarihi
Kas 07, 2010
Dei lever på ein av dei høgstliggjande gardane i landet, og dei bur tre mil frå næraste bilveg. Anne Gro var høggravid då ho saman med Åsmund for meir enn tjue år sidan flytte til
.. show full overview
Dei lever på ein av dei høgstliggjande gardane i landet, og dei bur tre mil frå næraste bilveg. Anne Gro var høggravid då ho saman med Åsmund for meir enn tjue år sidan flytte til Argehovd på Møsstrond, slektsgarden hans. Der har ekteparet Løvås levd av sauehald og turisme, og der har dei fostra to døtrer, som i alle skuleår måtte bu på internat. Verken foreldra eller jentene er lei seg for at dei valde Argehovd.
Yayınlanma tarihi
Kas 14, 2010
Tore Amarius har levd eit turbulent liv, med rus, vald og oppløyste forhold som nokre av ingrediensane. Då han vart buddhist, tok livet ei ny vending. No lever han saman med kone og son
.. show full overview
Tore Amarius har levd eit turbulent liv, med rus, vald og oppløyste forhold som nokre av ingrediensane. Då han vart buddhist, tok livet ei ny vending. No lever han saman med kone og son som dei einaste fastbuande på Nordre Sandøy på Hvaler, og der har han og Lene prøvd å få ungdom med ein vanskeleg bakgrunn på rett kjøl att. Men sommaren for tre år sidan hende noko dramatisk som igjen skulle gjere livet til Tore Amarius vanskeleg.
Yayınlanma tarihi
Kas 21, 2010
Marit Kvam og Arnfinn Lislien møttest på ein landbruksskule. Dei skulle bli bønder. Men i staden for å finne seg ein stor og lettdriven gard valde dei eit brattlendt og steinete småbruk
.. show full overview
Marit Kvam og Arnfinn Lislien møttest på ein landbruksskule. Dei skulle bli bønder. Men i staden for å finne seg ein stor og lettdriven gard valde dei eit brattlendt og steinete småbruk på den veglause sida øvst i Romsdalen. I bakkane i Brulia er ljåen og riva framleis viktige reiskapar. Dessutan haustar dei ei seter, medan dei har krøtera på ei anna. Dei gjer det for å halde tradisjonane levande og kulturlandskapet i hevd.
Eğer eksik bir bölüm veya afiş varsa (ve TheTVDB üzerinde mevcutsa) dizi için güncelleme talebinde bulunabilirsin:
Dizi için güncelleme talep et
Güncelleme talebinde bulunuldu