Musisz być zalogowany żeby oznaczyć odcinki jako obejrzane. Zaloguj Się albo zarejestruj się.
Sezon 1
I øyriket Røst, lengst sør i Lofoten, freistar Kari-Anne å skape seg ei framtid som sauebonde. Ho har flytta frå ein trong sunnmørsfjord til forblåste holmar i havgapet. Der andre ser
.. show full overview
I øyriket Røst, lengst sør i Lofoten, freistar Kari-Anne å skape seg ei framtid som sauebonde. Ho har flytta frå ein trong sunnmørsfjord til forblåste holmar i havgapet. Der andre ser skjer i sjøen, ser ho store moglegheiter. No vil ho redde det attgrodde landskapet på eitt av Noregs mest kjende fyr, men å setje ein saueflokk ut på Skomvær er krevjande.
På Røst, lengst sør i Lofoten, er sauene øyhopparar og båt viktigare enn fjøsen. For fire år sidan satsa Kari-Anne Nilsen alt på eit liv som bonde her. No har ho fått seg gard og skapt
.. show full overview
På Røst, lengst sør i Lofoten, er sauene øyhopparar og båt viktigare enn fjøsen. For fire år sidan satsa Kari-Anne Nilsen alt på eit liv som bonde her. No har ho fått seg gard og skapt seg eit levebrød, men det er framleis mykje å lære. Å vere sauebonde på Røst er noko heilt for seg sjølv.
Ved det majestetiske fyrtårnet på Skomvær beitar ein liten saueflokk for å redde eit attgrodd landskap, men dei greier ikkje jobben åleine. Kari-Anne har heldigvis mange gode vener.
.. show full overview
Ved det majestetiske fyrtårnet på Skomvær beitar ein liten saueflokk for å redde eit attgrodd landskap, men dei greier ikkje jobben åleine. Kari-Anne har heldigvis mange gode vener. Hjelpande hender kjem båtvegen frå Røst til dugnad, men greier dei å få starta slåmaskina?
Røst, lengst sør i Lofoten, er eit paradis for sauer. Her kan dei beite friskt gras ute nesten året rundt. Godt beite gjev god smak, og no vil Kari-Anne bruke saueblod til eit heilt
.. show full overview
Røst, lengst sør i Lofoten, er eit paradis for sauer. Her kan dei beite friskt gras ute nesten året rundt. Godt beite gjev god smak, og no vil Kari-Anne bruke saueblod til eit heilt spesielt matprosjekt. Er blodpølse kokt i magesekk ein god ide? Sauebonden Torill bedømmer smaken og inviterer til radiobingo.
Skreien er komen! Endeleg skal Kari-Anne også få vere fiskarbonde. Med eigen sjark og god hjelp frå den erfarne fiskaren Steinar er ho klar til å hente opp store verdiar frå havet. Men
.. show full overview
Skreien er komen! Endeleg skal Kari-Anne også få vere fiskarbonde. Med eigen sjark og god hjelp frå den erfarne fiskaren Steinar er ho klar til å hente opp store verdiar frå havet. Men sjarken er liten og havet er stort. Lofotfisket går ikkje heilt etter planen.
Store verdiar blir henta opp frå havet i den vesle øykommunen Røst. Båtane kjem til kai fullasta med fisk. For Kari-Anne har fangsten blitt mager, men sauebonden har ikkje tid til å
.. show full overview
Store verdiar blir henta opp frå havet i den vesle øykommunen Røst. Båtane kjem til kai fullasta med fisk. For Kari-Anne har fangsten blitt mager, men sauebonden har ikkje tid til å henge med hovudet. Det er radiosendingar som skal leiast, fiskekaker som skal lagast og ein trufast dyreflokk som treng mat og omsorg.
Det er snart jul hos Kari-Anne på Røst, og ho har meir å gjere enn nokon gong. Sauene får ein ekstra godbit i høgtida, medan bonden må køyre milevis for å skaffe juletre. Vel heime står
.. show full overview
Det er snart jul hos Kari-Anne på Røst, og ho har meir å gjere enn nokon gong. Sauene får ein ekstra godbit i høgtida, medan bonden må køyre milevis for å skaffe juletre. Vel heime står oppgåvene i kø, for Kari-Anne skal lage julemarknad i eit hus utan straum og vatn: Det er gran som skal pyntast, karamellar som skal lagast og i vedomnen brenn julebrøda seg altfor fort. Rekk ho å bli ferdig før freden senkar seg over Røst?
Jeśli brakuje odcinków lub banerów (a znajdują się w TheTVDB) możesz zgłosić serial do automatycznej aktualizacji:
Zgłoś serial do aktualizacji
Aktualizacja zgłoszona